Temakveld 16 november

Temakveld 16 november

Svingande Negro Spirituals, livsnær undervisning og velsmakande heimebakst : Dette gjorde godt i kropp og sjel ein regntung novemberkveld.

Det var Førresfjorden menighet og Fermate, Normisjon Rogland som inviterte til temakveld på Stemnestaden 16.11.
Folkehelse-koordinator i Tysvær Ann Kristin Berge Dahle og avdelingsleiar for Psykisk helseteneste i Tysvær Gunn Marit Lygre, stod for undervisninga. Kyrkjejazz med Lars Johannes Liknes i spissen fekk rytmen til å vibrera i kroppen.
Det vart ein kveld for påfyll til den sunne livsgleda i kvardagen.