Sigrun Alvsvåg er utdanna spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, relasjonsterapi, organisasjon, leiing og samhandling.
Ho driv firmaet Alvsvåg rådgjeving og undervisning, og tilbyr samtaleterapi, parterapi, sjelesorg, rådgjeving og undervisning.
Drifta er i hovudsak på Bømlo og Stord, men frå 15.januar 2025 vil ho vera på Kraftsenteret på Stemnestaden annakvar onsdag (oddetalsveker), frå kl.13-19, og torsdagar same veke, ved behov.
- Slit du med tunge tankar, angst, depresjon, dårleg sjølvbilde, skam?
- Opplever du sorg over å ha mista nokon, eller at livet ikkje blei som du hadde tenkt?
- Kjenner du på utmatting i menighetslivet, tvilar du på deg sjølv eller på Gud?
- Står du i ein vanskeleg livssituasjon? Slit du i jobben? Er du sjukmeldt?
- Har du og din kjære slutta å snakke saman? Er det mykje krangling?
- Er du leiar og strevar med å handtere konfliktar eller andre vanskelege saker?
Mitt formål er å:
- Hjelpe menneske til å sjå sin verdi og tru på eigne evner.
- Gi verktøy for å kjenne overskot og meistring.
- Bidra til at menneske våger den vanskelege samtalen.
- Hjelpe par, familiar og organisasjonar å løyse konfliktar, og oppleva positiv samhandling
Ta gjerne kontakt om du ønsker ein prat!
Mobil: 93 61 89 59
E- post: sigrun.samtaleterapeut@gmail.com
Heimeside: sigrun-samtaleterapeut.no